Allereie då dinosaurane rauma ursvoltne ikring, lengje før dei fyrste menneskja hadde temja elden og långt mindre evna å kveikja eit ljos i von om ein verdisam krokketsiger, vart det på Karmøy tevla i ein primitiv kappestrid som framståande arkeologar og forskarar meiner kan vara forløyparen åt dagens krokketspel. Tung av elde, svunne minner og gamal tradisjon, tufta på gamal vikingmark millom bakkar og berg ut med havet, finn me Den Svartøygde Frille i Østhusneset som eit levande prov på at desse hardbalne vestlendingane som har sitt tilheld her framleis har stor gledje av slikje leiker.
Krossen har alltid stende høgt i kurs hjå familien Stensland, som er banemeistrar på den tilårskomne banen, og dei nytter kvart moglege høve til å ymta frampå om den elskhug som ligg i den. Den framfuse sjølvhevdingstrong som så åskoldeleg kjem fram hjå dei djerve banemeistrane er i ein eigen særklasse, og mang ein runde med trettesam holmgang har enda i deira favør. Deira hugleik åt denne folkekjære idrott er utan sidestykkje, og ein skal ferdast vørdsamt fram om ein vil uttrykkja si misnøgd om lovseiemennene (Banemeistrane. red.anm.) sine mange lovar og reglar som skifter åt deira vilje millom kvar runde. Det stutte graset som har vokse naturleg her sidan kong Ferking og kong Augvald møttes på denne stad til blot i forne tider, gjer godt grunnlag for det kvasse spelet som har ført til at tverre og ublide spelarar har yppa til gagnlaus strid etter tveiksame nederlag. Vise kvad frå husbondens festakone har derimot roa gemyttane som den styrste sjølvfølgje, og ingen har dermed lete livet her i hennar levestund. Visseleg vitjer ein inkje denne fagre arena, kor ein vert mottekjen med stor fagnad, utan å verta tilboden både varm drikke og fersk ferdakost suten for dei styrste høvdingar. Når ein her gjeng ifrå som gode frendar, tykkjer ein at med rette vert dette kalla for kongars spel og med rette ber Den Svartøygde Frille sitt omdøme. Hirdmenna si lytefrie slagmark.
  |